lørdag 29. september 2012

babytid, permisjon og rosa blomstrar på hell

Den vesle sjarmøren her er snart ikkje baby lenger, litt vemodig, men samtidig veldig koselig og spennande å følge med på utviklingen.

                                 
Permisjonen min er over, mandag begynnar eg å jobbe igjen. No er det pappan sin tur til å kose seg heime med snuppis. Eg skal fortsette å ha ein dag i veka heime med jentene, og det er eg veldig takknemlig for.

Desse rosa blomstrane er det óg snart slutt på, og med dei siste rest av sommaren. No blir det stemningsfulle haustfargar ute i naturen, fint det óg!



Syns igrunn desse rosene var finare litt sånn shabby som dette enn når dei var heilt friske:)



Ønsker deg ei fortsatt fin helg! Her er mannen ute og spelar konsert, jentene søv+hostar, og eg ser hillsongtv.com.
So long!

fredag 21. september 2012

klar til bondens marked

Sidan sist har me jentene i huset vore på veldig koselig jentetur til Jæren og Sirdalen for å besøke to gode venninner og familiane deira, eg har sagt opp ein jobb og takka ja til ein jobb, og eg har sydd litt til bondens marked (og gjort minimalt i huset....).

I morgon er det bondens marked her i byen. Eg og ei venninne skal ha ei bod der med husflid, som det så fint heiter, og her er litt nytt eg tar med dit:


mandag 10. september 2012

haust i stova og ny pute ferdigsydd!

Javel, så har eg havna i ein lilla fase igjen... er faktisk ikkje planlagt at koppen og håndarbeidet OG putene er i samme farge -altså har eg fått lilladilla igjen:) Det er ikkje lenge sidan det var mykje lilla å sjå her, men i mellomtiden har me fått grå sofa, og den syns eg passa ENDA bedre til lilla...

Ja,ja, ei ny pute har eg sydd, og den er ikkje lilla. Ein av favorittbildene er skrive ut på transferark og stryke på eit kvitt tøystykke. Teksten er stempla på.

Og no kom sola, når eg endeleg var ferdig å ta bildene. Ja,ja:)

Fin mandag til deg!

lørdag 8. september 2012

over og ut

sommaren er over for denne gang, og det er haust i lufta. Heilt iorden, syns eg, sidan hausten er mi favoritt-tid:) Det einaste som er litt vemodig, er å pakke vekk hagemøblar og sånn. Hagemøblane skal få stå litt til, men paviljongen er det over og ut (-inn?) med no, sidan den har vist seg å ikkje tåle så godt haustvindane.

Når pakkar du vekk sommaren ute?

deilige fargar

                                   


Nokre fargar blir eg berre glad av å sjå på, slik som fargane på dei nye barneglassa våre:)

ønsker deg ein glad laurdag!

tirsdag 4. september 2012

"reisetips" og nytt i eplabutikken.

Me har hatt ei koseleg langhelg i Sogn, og ein 12 timars biltur heim igår. Turen er egentlig ikkje 12 timar lang, men me har funne den, for oss, perfekte pauseplassen på ruta vår. 

Bjørneparken kjøpesenter er plassen, og ligg i Flå, som for oss blir midt i mellom start og stopp. Her finst det ein kjempefin utendørs leikeplass med m.a ein svær klatre/krype i tunell/ake-osv-koloss, og masse bord og benker rundt så ein kan sitte og ete eller slappe av samtidig. Inne er det ein del fine butikkar, der me fann både leiker for resten av feriepengane til jentene, presangar til dei me skulle til, og eit par toppar til meg:) Matbutikk er der òg.
I går spanderte svigermor kjempegod middag på oss på restauranten der, og mens me venta på maten fekk storesnupp ei lita eske med tegneblogg og fargeblyantar.  
Stort og reint toalettanlegg er jo heller ikkje dumt. 

Skulle tru eg var sponsa for å skrive dette, men me er berre så veldig fornøyde med å ha funne denne plassen som blir eit morro avbrekk i den ellers så (spesielt for ungane) langtekkelige turen.
Anbefalast viss ein treng ein god pause på denne ruta mellom aust og vest.



Uansett, ein lang dag med reise tar på for liten og stor, og idag har me jentene ein rolig dag med utpakking, klesvask, ansiktsmaling og leiking. Og eg har site litt på dataen og oppdatert eplabutikken min. Har m.a lagt til klærne på bildene her.

Men no er det på tide å gå til grytene. Ønsker deg ein fin dag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...