søndag 11. mars 2012

"og sånn går nu dagan"

-ein liten statusoppdatering fra Nøkkeldalen.



I denne posen er det serviettar og litt anna stæsj, til dåpen. 
Sånn pynte-planlegging syns eg er kjempemorro, og det er for øyeblikket min avkobling og kos:)


Desse rundingane med veslesnupp sitt ansikt, skal også brukast i sammenheng med dåpen:)



Her i Nøkkeldalen står prosjekta i tur og orden. Dei siste vekene, og dei neste, er kjellaren eit stort prosjekt. Musikkstudio, som har vore i kjellaren, er flytta ut i ferdig mikserom (hurra for ferdig mikserom!!!), og dermed har det vore klart for organisering og innredning av kjellerstove/kontor/gjesterom-rommet vårt. Snart er dette i boks, og til og med scrappekroken min er nesten oppe og går. Skal snart vise bilder.


Vaskerommet, som også er i kjellaren, vart billig-oppussa i februar i fjor, men siste finpussen og forbedring av systema, prøver eg å få orden på no. Her er også sykroken.

Babyrommet (som før var kontoret) har blitt innreda, og skal få siste finpuss, dvs ting opp på veggene. I den sammenheng har eg denne veka malt ein haug med småting (tallerkenhyller, knaggar, settekasse o.l) som har ligge leeenge i garasjen. Deilig å iallefall få kryssa av noko på to-do-lista...


Og denne veka kjem endelig god-sofaen (det vart den grå u-sofaen), og før det har eg store planar om ommøblering, storreingjering av stova og maling av vinduslistene fra me bytta vindu på eine stoveveggen i november, samt å få sydd dei der nye sofaputene da. Mission impossible, har eg mistanke om, men eg er optimist inntil sofaen kjem..:) Det skal forresten bli deilig med sofa igjen etter mange veker uten. Me flytta nemlig sofagruppa vår til kjellarstove og studio, og SÅ fekk me melding om at sofa-leveransen var 3 veker forsinka:)
Og min kjære mann, han står på og står på i musikkstudio, no er det listing og kobling og sånn det går i.

Så det er prosjekta me voksne jobbar med om dagane, for uten dei vanlige kvardagsaktivitetane og tiden med snuppene våre. Men dessverre så er det andre ting enn dette som opptar tankane våre no til dags. Ein av våre nærmaste familiemedlemmar er dessverre veldig sjuk, og har dei siste månadane meir eller mindre konstant vore innlagt på sjukehus. Det er både trist og nervepirrande.

Men me er jo veldig veldig heldige som har to solstråler i liva våre! Storesnuppa styrer mest med dokker, matlaging, butikk, tegning og hobbysaker, spesielt scrapping:) Det er interessant å høyre alt ein 4-åring tenker og funderar på, og å overhøyre når ho leikar. Og mini-snuppa, -ho berre smiler og ler ho:) For øyeblikket har ho ei bie som ho er veldig fasinert av, så det er hennar prosjekt:)

Har du nokre prosjekt du styrer med for tiden?



fredag 9. mars 2012

"you can`t stop God from loving you"

bilde fra visualizeus.com


På onsdag var eg og mini-snuppa på babysang. 
Eg er litt treg til å få med meg teksten på sangar sjølv om eg høyrer dei mange ganger, og kanskje til og med synger dei. Eg får med meg orda, men eg gløymer å sette orda sammen i setningar og få med meg kva orda betyr, liksom (!)
 På onsdag fekk eg plutseleg med meg ei strofe som blir synge på ein av favorittsangane der, ein singback med skikkelig gladrytme som me dansar til med dei skjønne bebisane våre. 
 "you can`t stop God from loving you!"
-og det vart eg gåande (dansande?) å tenke vidare på gjennom resten av sangen, kor fantastisk det faktisk er! 
-og gløymde sjølvsagt å få med meg resten av teksten, så den måtte eg google når eg kom heim. 
Dette er det eine verset, er det ikkje fint?;

You can't stop God from loving you
Though you may disobey him,
You can't stop God from loving you,
However you betray him;
From love like this no power on earth
The human heart can sever,
You can't stop God from loving you,
Not God--not now, nor ever.

Ønsker deg ei fin helg!

tirsdag 6. mars 2012

ein reise i siste liten!:)

I veldig siste liten slenger eg meg på oyeblikk.net sin konkurranse "reise":


Sommaren 2005 leigde me denne bilen i New York, og køyrde til Los Angeles. Her fra ein stopp i Canada, ved Lake Erie.

www.oyeblikk.net

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...