søndag 29. januar 2012

ingenting tingeling (kostyme DIY-tips)

Storesøster elskar å kle seg ut, og ganske ofte er det Tingeling me får besøk av! Denne kostymen laga eg i haust, etter denne DIYen. Den var ganske lett å lage, og eg anbefalar eventuelle syinteresserte å ta turen innom den inspirerande og lærerike bloggen makeit-loveit. Her er mange tips og instruksjonar, på både div kostymar og andre ting. 
Det stiligaste var vingene syns eg, som er raskt å lage av 2 metall-kleshengarar, ei strømpebukse og litt buksestrikk, og dei slo veldig an hjå frøkna:) 



Februar er vel karnevalstid, og det spørs om det ikkje er Tingeling som tar ein tur i barnehagen på årets karneval! 

 Håpar du får ei god veke, med eller uten vinger:)

fredag 27. januar 2012

fin fredag!

Storesøster er heime med meg og nurkinurk idag, og me kosar oss inne med Saltkråkan på dvd, fyr i ovnen og sjokolademuffins i steikeovnen. Sjokolademuffins er favoritten, og sidan me har brukt samme oppskrift mange ganger no, prøvde me oss på denne fra det søte liv idag. Nam nam:) 

muffinspapir fra Clas Ohlsson
Ute er det omtrent snøstorm, og rosa-Kalle ser ut til å bukke og takke for seg; 

Ønsker deg ein fin fredag!

onsdag 25. januar 2012

låner litt her og litt der

To ting eg fann på nettet idag, som traff meg:

lånt fra Pinterest.com

 "every day may not be good, 

but there's something good in every day!"
lånt fra ein facebookstatus

Håpar du har ein dag med noko godt i!:)

mandag 23. januar 2012

scrappetørken er over!

Etter 3 månadar med scrappetørke, har eg no fått scrappesakene på bordet igjen, og laga litt kort. Denne gangen vart det nyfødtkort og barnebursdagskort, som har blitt levert til ein barnetøybutikk i byen. 

No håpar eg berre på å få gravd fram symaskina og sykroken min òg, for no kokar hovudet over av hobbyprosjekt! :)

Ha ein fin kveld!

søndag 22. januar 2012

kjære bestemor og bestefar!

Igår kom det snø, og i formiddag har mamma, pappa og eg leika i snøen, 
mens Synøve låg og sov i vogna si. 


Eg kasta snøball på pappa,


...me bygde snømannen (!) Kalle,


...eg fann ut at det var på tide å måke taket mitt, 

...og så laga eg snøengel og aka på skikjelken min.

Håpar de óg har hatt ein fin dag! 
Klem fra Ingrid

mandag 16. januar 2012

smiiil

oyeblikk.net har ein konkurranse der dei ønsker å få tilsendt smil. Her kjem eit forsiktig og forventningfullt smil, fra veslesøster på 2 mnd. 



Øyeblikk skriver i innlegget sitt "Visste du at kroppen frigjør like mange endorfiner når du later som du smiler, som når du faktisk gjør det?".  Det minna meg om noko eg har lest ein gang, om at viss humøret ikkje er på topp ein dag, og ein smiler samanhengande i 30 sekund,så blir ein faktisk meir glad! Det må være endorfinane det da:) 



torsdag 12. januar 2012

let me introduce you....

...to a luksusproblem. Eller det er ikkje eit problem ein gang, meir eit valgets kvaler, i luksusproblem-sjangeren. Det har seg nemlig sånn at skinnsofagruppa vår skal ut i musikkstudio no når det blir ferdig, og eg skal endelig få innvilga ønsket mitt om ein kosesofa i stoff!!! Den skal vere grå, og i ein eller anna hjørnesofa-variant. Men så er spørsmålet; KVA variant? Klassisk hjørnesofa, u-sofa, eller modulsofa? Her er dei tre favorittane eg har funne no:


Den øverste fra Bohus, dei to andre fra Trendmøbler. 

Eg likte egentlig best den øverste, men vil gjerne at vårt gedigne sofabord skal kunna brukast fremdeles (for da kan me dekke på med masse godt, he he), og er litt usikker på om eit stort bord passar til u-sofa. Kva trur du? Eller har du tips om andre sofaer? Som sagt, eit luksusproblem, men eg vil så gjerne bli fornøyd, for sofaen er eit viktig møbel for meg:)




onsdag 11. januar 2012

Kvalitetstid utført


2 døgn 
med besøk av to av mine beste venninner +veldig søt baby som me har helst på for fyrste gang. 
-masse mimring og "catching up"
-masse kvalitetstid utført og nye minner skapt som me kan mimre om neste gang me treffes!
-rolige frukostar til utsikten på bildet
-og barnevakt til veslesnupp så storesnupp og eg kunne ake rattkjelken ned til barnehagen på morgonen

...er eg ikkje så reint lite takknemlig for!                    

fredag 6. januar 2012

Good morning!



Fin morgon idag, med soloppgang og snø på verandaen. Snart skal me ut på trilletur (som var planen å bli flinkare til over nyttår...), og turværet er perfekt! 

Ha ein fin fredag! 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...