torsdag 23. august 2012

prinsessefest og gratis print

I dag har me hatt 2 prinsessefestar. 
Fyrst ein for tre kule damer på rundt 70 og oss tre jentene:), deretter THE prinsessefest for 4 rosa prinsesser på snart 5 år! 


Det vart pynta og dekka utanfor leikestova, og pølser og prinsessemuffins vart servert. Tilslutt var det fisking fra verandaen. Utifra lydnivået virka trivselsfaktoren til å vere høg:)

På festen fekk eg gjort nytte av to tips eg har fått fra andre og som eg vil dele vidare:


Tips 1: Fest papptallerken til bordet med ein bit dobbel tape, så blåser den ikkje vekk i vinden.

Tips 2: Muffintoppers er lette å lage. Klipp/stans ut to like rundingar (eller andre former) med ønska print, lim dei sammen med eit 1/3 langt grillspyd imellom. 

www.printablepartykits.com finn du gratis print til ulike anledningar. Her kan du òg finne gratis print til m.a. invitasjonar. 
Dagens toppers er fra denne nettsida. Til dåpen laga eg toppers med bilde av ansiktet til veslesnupp. Dei kan du sjå her.



Det tar på med prinsessefestar, så no må mor legge seg:)

1 kommentar:

  1. Så herligt pynta til prinsessefest,det er stort det å få ha fest og kose seg:))
    Tusen takk for gode tips:)
    Fine fredag til det!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...