onsdag 15. august 2012

desperat symodus

Permisjonen nærmar seg slutten ( dvs 1,5 mnd igjen), og eg har komme i eit desperat symodus. Ein plan for permisjonen var å sy ein del når snupp hadde lurane sine, men så er det stadig andre ting på programmet óg, når ein fyrst har eit slikt år der ein "skal rekke alt" (!), så syingen har blitt litt nedprioritert.

No, derimot, er syingen opp-prioritert! Det er alltid noko anna ein skulle ha gjort, men no VELGER eg å bruke tid på syinga, og har faktisk fått sydd litt. Er igang med nokre små kjolar til epla-butikken, skal vise når eg har fått oppdatert sida. Og siste dag før me reiste på ein liten Danmarkstur, fekk eg fullført settet på bildet, til jentene. Tenkte det var greit å få sommarantrekket ferdig før det vart august og siste ferieturen var over, sidan det sannsynligvis ikkje passar til neste år:)

Idag er fyrste dagen etter ferien som veslesnupp og eg er aleine heime mens dei andre er på jobb og barnehage. No er det soooool, og det må nytast, så no tek me oss ein tur ut til huska i hagen, for det elskar veslesnupp:)

ha ein fin dag der du er!

3 kommentarer:

  1. Så nydelige små du har, og så herlig bilde - i matchende klær! Sy i vei og kos deg, og legg ut bilder - vi vil se resultatene :)) du er så flink atte. Men du, er det virkelig så kort igjen av permisjonen din? Sprøtt hvordan tiden fyker, jeg syns jo du nettopp fikk lillesnuppa, jeg :)

    Ønsker deg en nydelig dag - og takker for dine kommentarer hos meg som varmer mer enn du vet, og gleder mer enn du vet. Er kjempe gla for at du stikker innom hos meg. Nyt dagen kjære deg - her skinner solen og jeg må ut :) klem

    SvarSlett
  2. Heihei:)
    Skjønneste små du har og så flink du er som syr litt sjølv og,hadde ønskt eg var såå flink som du for så gøy med heimelaga klær:))
    Tida går jammen fort og du må nyte den siste tida i permisjonen din:)
    Håper du har hatt ein flott dag!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Så utrolig herlig de er!! :)
    Og du er jammen knallflink til å sy!
    Blir kjekt å se alt du får produsert fremover ;)
    Ha en nydelig helg!! Klemklem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...