lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!

Me ønsker deg som er innom eit godt nytt år, fylt av glede og meiningsfulle øyeblikk! 
Ta godt vare på deg sjølv og kvarandre!

Bilder fra trammen til storehuset og veslehuset:)


Klem fra Ingrid, Synøve, Britt Kirsti og Christian

torsdag 29. desember 2011

mjuk pakke

Det har ikkje blitt mykje sying på meg dei siste månadane, men eg fekk iallefall laga ein mjuk pakke til mitt kjære tantebarn til jul! 


No håpar eg på eit nytt år fullt av sying og scrapping:)

tirsdag 27. desember 2011

god jul!

Det er jo fremdeles litt jul igjen, så det er ikkje for seint å ønske god jul!Me håpar at du som er innom bloggen har hatt ei fin jul så langt, og at den fortsatt er og blir god dei neste dagane!

fra eine stovevinduet vårt
Ei god jul kan jo vere så mangt. For ein del mennesker rundt om kring, så oppleves ikkje denne jula som ei særleg god jul. Det kan vere på grunn av sjukdom, sorg, konfliktar eller andre ting, men det eg håpar er at alle kan oppleve iallefall små øyeblikk av god jul! Ein følelse, ein kommentar, ein situasjon eller noko anna som kan gi eit øyeblikks glede, eit minne om noko godt! 

Eg høyrde på ein julesang for nokre dagar sidan, som eg har høyrt mange ganger før, uten å egentlig høyre teksten. Men plutselig høyrde eg strofa
 "....and years they come and years they go, and we still forget somehow, that the child once born in Bethlehem, is still among us now". 
Og den gjorde litt inntrykk. Eg er kristen, og trur at Jesus fremdeles er blant oss, men i jula har eg lett for å fokusere på alt som gir den rette julestemningen, inkludert juleevageliet og julekrybba, mens det personlige forholdet til Jesus blir litt gløymt oppi jakten på den "perfekte jula". Eg vil fremdeles strebe mot å få fram den gode julestemningen og å skape gode juletradisjonar og juleminner, for det er viktige ting for meg, men eg håpar eg kan fokusere på at Jesusbarnet fremdeles er blant oss. 
Og når eg tenker på det, så er det nettopp dette som vil vere den beste trøysta for meg i ei jul som ikkje berre er god, at Jesusbarnet som me feirar, fremdeles er blant oss.

fra google.com

fredag 9. desember 2011

familyportrait

ikkje så ofte det blir tatt (nesten) seriøse familiebilder her i huset, men broren min ordna den saken når dei var på barselbesøk:)

onsdag 7. desember 2011

ventetid


Me ventar på jul (og det er koselig å vente på), og me ventar på tider der ein får gjort alt ein har tenkt å få gjort (treng nok ein veeeeeldig lang adventskalendar før den ventetida er over) :) Eg har stadige blogginnlegg i hovudet, men dei har blitt verande i hovudet. Eg har visst ikkje blitt så god enda på å organisere tiden min etter at den nye tilværelsen som 2-barnsforeldre starta..men eg prøver å kose meg og ikkje stresse, og sånn vil eg at adventstida skal vere óg, kose seg m forberedelsane, og ikkje stresse. Det eg tenkte eg ville vise fram idag, er årets adventskalendarar i Nøkkeldalshuset. Eg sit akkurat no og nyter dagens i min "adventskalendar". Fra mi gode venninne som bur i Berlin,fekk eg nemlig ein adventskalendar-te, med 24 nummererte og forskjellige teposar i! Genialt spør du meg! :) Dei to siste åra har eg laga kalendar til frøkna vår, med opplevelsar/aktivitetar me kan gjere ilag, pluss nokre dagar innimellom med småpakkar. Og sånn type kalendar blir nok det eg lagar dei neste åra óg! Men i år har det blitt playmokalendar, sidan papsen i huset var så heldig å vinne ein sånn på ein playmoland-konkurranse:) Prinsessa vår valgte, ikkje overraskande, ein prinsessekalendar! I tillegg har ho verdens søtaste sjokoladekalendar i år! Når familien min var på besøk forrige helg, fekk ho presang fra søskenbarnet sitt på 9 mnd, og det var denne sjokoladekalendaren med bilde av dei to på! For to år sidan laga I og eg oss ein tradisjon. Jul i svingen gikk på barne-tv, og denne slo så an blant både liten og stor, at me kjøpte Dvd'en, og ser ein episode kvar dag, sammen. "En annerledes julekalender om de små, viktige tingene i livet" står det på coveret, og det er akkurat det eg likar med den! Og så er den ganske morsom óg da:) Håpar du har ei koselig ventetid!

tirsdag 6. desember 2011

Hei, her er eg!



Eg er veslesøstra i Nøkkeldalen, men har allerede rekke å bli 5 veker stor! Eg er eit søndagsbarn, akkurat som storesøstra mi. Egentlig skulle eg ha vore i magen i 10 dagar til, men det begynnte å bli litt trangt der, sidan eg allerede var 4345 g og 52 cm, så eg måtte ut og strekke litt på meg:) Eg var jo litt utålmodig på å komme ut i verden, så 3,5 timar etter eg ga beskjed om at eg ville ut, kunne eg helse på mamman og pappan min!  Etter eg kom ut, har eg tatt livet med ro og sove ganske masse. Men eg har óg fått blitt med storesøstra mi på litt barnebursdagar og fritidsaktivitetar, og ho er veldig stolt av meg, og vil kose meg masse! Og eg elskar å kose med storesøstra mi, -og mamma og pappa!


...men navn, det har eg visst ikkje fått enda...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...