Dette bildet er eit av mine favorittbilder av frøkna vår, ho ser så fornøyd og målretta ut, og har tydeligvis ein plan der ho er på veg. Ei lita dame som har pynta seg, samtidig som ho allerede har slått hol på kneet. Slik skal det vere:)
onsdag 19. oktober 2011
et barn er et lite menneske
Dette bildet er eit av mine favorittbilder av frøkna vår, ho ser så fornøyd og målretta ut, og har tydeligvis ein plan der ho er på veg. Ei lita dame som har pynta seg, samtidig som ho allerede har slått hol på kneet. Slik skal det vere:)
mandag 17. oktober 2011
stille før stormen
Ei, for andledningen, nyommøblert stove ventar på storinnrykk av 12 små feststemte...
...og ho var ikkje akkurat mindre feststemt ho som venta på gjestene heller... :)
Og festen vart vellykka den, 4-åringen vår var iallefall fornøyd! :)
fredag 14. oktober 2011
hurra for jenta vår!
I dag er ingsepingsa vår 4 år, og me er veldig stolte av den store fine jenta vår! Dagen starta med pakkeåpning i senga, deretter mange timar med leiking og baking og Pippi Langstrømpe på DVD, og til slutt ein bursdagsfest med familien! Og jenta var veldig fornøyd! No gjenstår barneselskap på søndag, med kanskje 14 søte små...
Hurra for deg som fyller ditt år, ja deg vil vi gratulere! |
onsdag 12. oktober 2011
mandag 10. oktober 2011
lørdag 8. oktober 2011
muffinsplassen
I og eg er glade i muffins. Me likar å bake muffins, og me likar å ete muffins:) Me har til og med vår eigen muffinsplass under eit tre på ein fjellknaus ved hagen. I ettermiddag fyllte me hello-kitty matboksen med kvar vår sjokolademuffins, og gikk til muffinsplassen vår. Og me kosa oss. Det skal altså ikkje så kompliserte utflukter til før me kosar oss. Det er det eg vil kalle ein av dei små gledene i livet, som egentlig gir dei store gledene! Etterpå plukka me haustløv i ein pose, tok turen innom tante og besteforeldre, som bur i to av nabohusa på andre sida av fjellknausen, og gikk til slutt heim og lagde haustbilder av løvet.
Fin fin ettermiddag! :)
fredag 7. oktober 2011
Heimelaga
Foreldremanualen har ein konkurranse på gang i oktober, der ein kan vise fram heimelaga ting, og eg slenger meg på, med følgande 3 bidrag:
-ein rund bit av det stoffet ein vil bruke til "muffinsform"
-ein rund bit av f.eks chenille, til sjølve muffinsen
-litt fyllvatt
Og voksduk-smekka er rett og slett laga av små voksdukrestar som selges kjempebillig på stoff&stil fordi dei er for små til å brukast til duk. Klipp ut smekke i ønska form + eit dobbelbretta lommestykke som er ca 0,5 cm breiare enn smekka, og kant alt sammen med kantbånd, og vips så har ein ei superpraktisk smekke som er rein igjen på 1-2-3 (og forhåpentlegvis har lomma tatt av litt av matmengden som ellers havnar rundt om kring)!
Denne julesokken laga eg til frøkna vår i fjor. Laga i chenille og retrostoff (som for tiden er min favorittkombinasjon), samt litt blonder og eit påsydd strykebilde av snuppa.
Desse muffinsane har vore veldig populære i leikestova til frøkna. Dei er fort gjort å lage, og egentlig ein kjekk måte å få brukt opp litt tøyrestar på. Alt ein treng er:
|
-ein rund bit av f.eks chenille, til sjølve muffinsen
-litt fyllvatt
-litt sytråd
-ein liten rund pappbit som limes fast i botnen på "muffinsforma"
Har også tidligare pynta nokre med litt "filt-kakepynt" på toppen.
Håpar du har ein fin fredag!
onsdag 5. oktober 2011
babyteppe og jobb-bytte
Abonner på:
Innlegg (Atom)