onsdag 24. august 2011

Badet vårt

I går kveld fekk badet endelig ein etterlengta vask, og da nytta eg anledningen til å få tatt "etter-bildene" etter at me pussa opp badet for 2,5 år sidan (!)
Dei fyrste åra me budde her, var badet noko ein viste fram fordi det var så stygt at det måtte sjåast. Brungrønne falma marmorplater og brunt, flekkete golvbelegg. Men me vente oss til det, og det hadde på ein måte sin sjarm. Doen var eit eige rom, med dør til yttergangen. Yttergangen er på ca 1,5 x 1,5 m, og før me pussa opp badet&gangen, hadde den 1 dør på kvar vegg, derfor ikkje særleg med plass til verker jakker eller sko. Det var altså fleire gode grunnar til ei oppgradering.
Me slo ut veggen mellom do og bad,  slik at mesteparten av det som før var do-rom, vart ein dusjnisje. Dei siste 40 cm av do-rommet vart eit innebygd skap ut mot gangen. Døra mellom gang og do vart kledd inn. Dermed fekk me både eit lite skap i gangen, og nesten ein heil vegg til jakker og sko (hurra!).
Romløsningen på badet tegna me og vurderte i mange ulike variantar, men vart til slutt veldig fornøyde med resultatet!  Fremdeles ikkje verdens største bad, men praktisk, koselig, og akkurat det me treng av plass! Me heisa vasken litt opp i forhold til standard høgde, og fekk plass til I sitt badekar + skittentøysbalje under vasken.  Fornøyde med det òg:)


....og til slutt eit lite inntrykk av slik det var før:
Ha det (på) badet! :)

1 kommentar:

  1. Skal seie det vart forandring, ja! Skjønnar de er fornøygde - tidlaust og smart planløysing. Kjekt å sjå korleis de har det :-) Klem, Randi

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...