mandag 4. april 2011

Skilt

Det viser seg visst etter ein runde i huset at eg -eller eg vil tørre påstå me- har veldig sansen for skilt i ulike variantar. Nokre er suvenirar, nokre har ein praktisk funksjon, nokre har eit fint budskap, og nokre er berre rett og slett fine å sjå på. I det siste har jo også tilgangen på skilt blitt ganske stor, iallefall til sånne søte skilt i sånne søte interiørbutikkar, som eg likar så godt. Og det er heilt greit!:) Dei skilta eg er mest glad i er nok dei med tekstar til ettertanke. Dei som både er ein påminnelse til oss som ser dei daglig, og til ettertanke for dei som er innom hjå oss. Slik deler me litt av våre verdiar. Her kjem eit skiltras:








 Dette fekk me til bryllupet frå ei  god venninne. Teksten er så fin, syns eg!

Tre skilt fra vår USA-tur fra New York - Los Angeles i 2005. 


























Badet til venstre, 

musikkstudio til høgre









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...