mandag 19. august 2013

ny tid

idag har storesnupp hatt sin fyrste skuledag. Samtidig hadde veslesnupp sin fyrste dag i barnehagen uten mamma og pappa. Begge deler gjekk kjempefint, og dei stolte foreldrene kan puste letta ut! :)         
                    

  
                     


                                    
 

Dagen har blitt feira med pølse og potetmos og kjøpemuffins, etter skulejenta sine ønsker:)


fredag 17. mai 2013

god 17.mai:)

Ein fin dag er nesten over, og to utslitne ligg på golvet og ser barne-tv. Me har gått i tog med barnehagen, hatt is, kaker og morro på idrettsplassen, vore på middag og kaker hjå mor, fått rosa prinsesseballong, brukt flagga som gåstavar (!), treft mange koselige folk, leika litt i leikestova, og blitt leie av å bli tatt bilder av:) 
Her kjem litt bilder, etter bestilling fra bestemor og bestefar:







Håpar du óg har hatt ein fin dag!

søndag 7. april 2013

ny kjole

Eg har sydd ein kjole til storesnupp, og faktisk så er både eg og ho fornøyde med resultatet:-)
Eg elskar denne lilla(-rosa?)-nyansen, og neste prosjekt blir like selekjolar til jentene i det stoffet.






(på bildene poserar storesnupp for "avisene", etter å ha spelt teater for veslesnupp og meg) :)

torsdag 4. april 2013

vår!



               


I går fann frøken storesnupp sine fyrste blomster,
+idag har eg ete lunsj på verandaen.
=
no er det vår! hurra:)

tirsdag 2. april 2013

knekkebrød

Me har bestemt oss for at april skal bli ein sunn måned! Ete sunnare, mor og far har ein trim-avtale, og laurdagsgodt høyrer kun til laurdagar! Rett og slett for å få meir energi, og å gjere kroppen glad! Viss me klarar å følge "reglane" ut april, ventar ein opplevelsespremie som er morro for alle 4:)


....jada, det er jo langt fra fyrste gangen me setter igang med sunnare regimer, og ja, dei har glidd ut gang på gang, men sånn er det, og alt er bedre enn ingenting tenker eg. Eit tidsavgrensa mål med premie har me derimot ikkje hatt før, kanskje det gjer susen?! :)


Uansett, det eg egentlig ville fortelle, er at i dag har eg laga knekkebrød, og dei er så gode, sunne og raske å lage, at eg berre må anbefalle oppskrifta!
Oppskrifta finn du her, på den koselige bloggen silje-sin.

Ha ein fin kveld!:)




mandag 1. april 2013

fin påske

Nokre bilder fra påskeferien vår, som starta kl 03 natt til torsdag. Da køyrde me til Sogn til familien min, og har hatt fine dagar der i strålande sol.



 






Gledelige gjensyn, spaserturar i nydelig natur (ja eg er subjektiv, men hadde meint det om eg var objektiv òg:)), fotografering av nydelig natur (noko spesielt Christian er god på, som har tatt og redigert dei fyrste 4 bildene), masse god mat og kaker, aketur, påskebasar, påskekylling-perling, påskeegg, inspisering av bror m/familie sitt kommande hus, snille ungar i baksetet, leie ungar i baksetet, og flott køyretur over Hemsedalsfjellet. Fin påske.

Og denne fine mannen fylte år! 
-og vart feira med taco og ostekake hjå bror min og kona:)

Snart er det kvardag igjen, og det er igrunn fint det òg, alt til sin tid:)



onsdag 27. mars 2013

tirsdag 26. mars 2013

hama-kyllingen vår

Det store internettet er fullt av inspirasjon. Ein dag såg eg eit bilde av små påskekyllingar laga av hama-perler, hengt opp i systråd i bjørkeris, og det inspirerte til herming!




Kyllingen vår er laga med store perler, men på bildet på nettet var det brukt små perler, og svart auge, så no har eg og storesnupp handla inn småperler og er klare til kylling-produksjon i påsken:)


søndag 24. mars 2013

hei du bloggen!


Hei du bloggen, kor vart det av deg?
Har du blitt til ein bursdagshelsingsblogg??

foto: Anette C. Nilsen

Du har visst blitt lagt litt på is i vinter (og is har det vore nok av i vinter...),
men no kjenner eg at eg har lyst til å ha litt med deg å gjere igjen.
-så da setter me igang igjen da, bloggen! :)


foto: Anette C. Nilsen.
Jentene har vore til søskenfotografering hjå denne flinke dama. Sjekk ut facebooksida hennar, anettesfoto.no
Og eit nydelig søskenbilde kjem snart her på bloggen :)



mandag 11. mars 2013

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...